MOT kurs i Sauda 10. november

Postet av Sauda Idrettslag den 29. Okt 2015

Sauda kommune er eit lokalsamfunn med MOT. Her er MOT godt etablert, og programmet i ungdomsskulen har vore aktivt i over 10 år. MOT har ungdommen sitt liv i sentrum og har ein visjon om å skapa trygge lokalsamfunn og robust ungdom som kan ta gode val for seg sjølv. Sauda IL har avtale som aktiv medspelar med MOT. Til nå har Sauda hatt 2 lag i MOT-systemet og nå ynskjer ein å få breiare forankring i idrettslaget.

Fritidsarenaen er ein viktig arena for ungdommen. Dette gjeld både den organiserte og den uorganiserte aktiviteten. Innanfor den organiserte fritidsaktiviteten vil trenaren eller leiaren vera den vaksenpersonen dei unge oftast møter, og vil difor spele ei viktig rolle i ein ungdom sitt liv. Derfor er det viktig at trenaren er bevisst si eiga åtferd gjennom å vera ein positiv rollemodell. Trenaren vil i tillegg ha det største ansvaret for å skapa eit godt miljø med gode haldningar. Trenaren si åtferd må bidra til å skapa tryggleik og tillit blant dei unge. Ved å byggja denne tryggleiken og tilliten bidar det til at dei unge tør å utvikla og utnytta sine potensial og talent. Det er viktig at trenaren er bevisst på at eit barn/ungdom sitt sjølvbilete påverkast av trenaren sin kommunikasjon og væremåte som rollemodell.

I eit lokalsamfunn er det barn og unge som strevar i kvardagen. Det er vaksne som ser dette, men ofte er ein redd for å blande seg inn av ulike årsaker. Ofte er ein ikkje klar over kor lite som skal til for å gjera ein stor forskjell for ein ungdom. Forskning viser at det ikkje skal meir enn ein trygg vaksenperson til for å skapa endring i eit barn sitt liv. (Masten, A., 2007). Eit fokus vil difor vera å engasjera og bevisstgjera vaksne på nettopp dei kan utgjer denne forskjellen.

Me ynskjer at ungdommane i Sauda skal møta MOT på fleire arenaer og ynskjer difor å få fleire trenarar og lagleiarar med på laget. Det blir arrangert ei kveldsamling med informasjon og samtidig kursing i MOT. Målgruppa til MOT er ungdom i alderen 13- 25 år, det er difor mest aktuelt for dei med ungdom i denne aldersgruppa. Men sjølvsagt er alle som er interesserte velkomne  -dei får berre ikkje tittelen MOTivatør og laget kan ikkje bruka dette utad på same måte. (Men sjølvsagt kan ein bruka verktøya innad i laget/gruppa på lik linje). Dei som gjennomfører dette vil få oppfølging frå MOT lokalt. Det er utarbeida ei MOTivatørbok som er eit verktøy for å veileda ein i rolla som MOTivatør. Denne boka inneheld ein del tema og praktiske øvingar ein kan bruka i laget/gruppa.

Lag og grupper som har trenar som har gjennomført denne skuleringa har mulighet til å MOT på draktane sine. MOT blir då eit symbol for kva laget ynskjer å stå for og at ein ynskjer å følgje MOT sine grunnverdiar. Det blir også ein påminnar til ungdommen om MOT sitt bodskap.

MOTivatørskulering tysdag 10.11 på Sauda ungdomsskule kl. 18-21
(Kva er MOT? Konkrete verktøy ein kan bruka i laget. Bruk av MOTivatørhandboka. Erfaringsutveksling/diskusjon)

Me har allereie nye lag/grupper som vil vera med, men her er plass til fleire 
Meld di interesse innan 03.11.15. til ingunnnerheim.vold@sauda.kommune.no
Ta også gjerne kontakt for evt spørsmål 

Meir om MOT: http://www.mot.no/om-mot/kort-om-mot/

Amalie Nilsen + Maren Solland blir med og kjører skuleringa 





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.